Hva leter du etter?
Lars Mytting med boka Skråpånatta innfelt

Bøker for deg som les Skråpånatta av Lars Mytting

Har du blitt hekta på universet som Lars Mytting har skapt med bøkene Søsterklokkene og Hekneveven?

I haust kjem tredje og siste del av trilogien, Skråpånatta. Der samlar han dei mange trådane han har lagt ut frå starten av første bok. Kva er eigentleg skråpånatta som sagnet i første bok fortel om?

Skråpånatta går føre seg i bygda Butangen i Gudbrandsdalen. Mytting har skildra staden og folka der så levande at opptil fleire turistar vert skuffa over at det aller meste i Myttings univers er oppdikta. Korkje Butangen eller kyrkja med dei magiske klokkene finst på kartet.

Men tida og tradisjonane som Mytting skriv om, er ikkje henta frå lause lufta. Dersom du vil lese meir om stavkyrkjer, Gudbrandsdalen, Dresden, flogefiske eller andre verdskrigen i Noreg, har vi bøkene til låns.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙