Hva leter du etter?
Anne Gunn Halvorsens bok Mitt internett holdt foran en skjerm

Ein slank kraftpakke om nett, oppvekst og skjerm

Anne Gunn Halvorsen driv språkleg akrobatikk og komikk på høgt plan i "Mitt internett - Då www kom til Noreg".

Vikedal i Rogaland, midt på 1990-talet: Anne Gunn Halvorsen lengtar etter å bli ungdom, på at verda skal falde seg ut. (Dei rasande sitata frå skuledagbøkene hennar frå denne tida er nydeleg lesnad.)

Hugsar du IRC?

Internett traff Noreg samtidig som puberteten traff Anne Gunn Halvorsen. På midten av tiåret fekk fleire og fleire nordmenn nett heime. Dette var dyre og tungvinte saker, berre spør ein vaksen om du er i tvil. Dagens 40-åringar er den første generasjonen som hadde ei ungdomstid på nett.

Anne Gunn Halvorsen fortel historia om korleis nettet vart ein sentral del av hennar oppvekst. Ho chatta. Mykje. Og starta heimesider om Spice Girls og om heimbygda.

Tretti år seinare dominerer nettet liva vår frå mikroplan til globalpolitikk. Kunne internett blitt eit massefenomen i eit anna tiår enn 90-talet? Eg trur ikkje det. Tiårets grenselause optimisme ligg som ein overstemme i dei mange intervjua Halvorsen har gjort med menneska som var sentrale då nettet vart stort for 30 år sidan.

Tre spor

Anne Gunn Halvorsens historie er det eine sporet i boka, den store forteljinga om nettet er det andre. Det tredje er hennar forfriskande kontrære syn på kva nettet gjer med oss. Halvorsen er kritisk til nett og skjerm, men minnar oss samtidig på at synda ikkje kom til verda med Netscape Navigator.

Og alt dette på mindre enn 200 sider. Les!

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden.. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙