Kristin Ørjasæter
Kristin Ørjasæter er forfattar og direktør for Norsk barnebokinstitutt.
Kristin Ørjasæter har vore direktør for Norsk barnebokinstitutt frå 2008. Ho har doktorgrad i litteraturvitskap, var med å etablere Barnelitterært Forskningstidsskrift (BLFT) og har tidlegare arbeidd på nettstaden barnebokkritikk.no og som barnebokredaktør i N.W. Damm & Søn.
Ho har også arbeidd ved Aarhus Universitet og Universitetet i Oslo. Ho har skrive forskningsartiklar om mange ulike barne- og ungdomslitterære emne og gitt ut bøker om Camilla Collett, Hanne Ørstavik, litterære sjølvframstillingar og global kunst.