Hva leter du etter?
Portrett av Jon Olaf Lorentzen

Jon Olaf Lorentzen: "Eg likar ei god forteljing med verkelege folk."

Latinamerikansk litteratur har sett spor hos forfattar Jon Olaf Lorentzen.

Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.

I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.

Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?

- Klassisk fransk og engelsk litteratur, ein god del latinamerikansk litteratur, særleg magisk realisme. Eg las dessutan mykje Kjartan Fløgstad, Jack Kerouac, Richard Brautigan, Thomas Pynchon, Jorge Luis Borges og liknande kultforfattarar.

Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?

- Lite, kanskje Kielland sine noveller.

Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?

- Er usikker på spørsmålet. Meiner du dei tre du nemner ovanfor? I så fall er svaret nei, dvs eg har ikkje noko i mot det. Viss du meiner generelt, så har eg ikkje lyst å likna på mykje av samtidslitteraturen, det eg kallar «skrivekunstakademilitteratur», t.d. romanar med personar utan namn, stader utan namn. Eg likar heller ikkje den såkalla verkelegheitslitteraturen. Eg likar ei god forteljing med verkelege folk.

Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?

Mykje. Eg voks opp i ein kyst- og fiskeriby, Egersund, på den tida det var mykje aktivitet, og det er ei kjelde eg har ausa mykje av, både med omsyn til miljø, hendingar, folk, omgjevnader etc.

Kven var viktige i tida då du debuterte?

- Eg las sjeldan dei som var definerte som viktige, jf. punkt 1, men eg trur eg las Kjartan Fløgstad på den tida òg.

Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?

- Nei, eg har alltid vore ein einsam forfattar.

Tok du noko form for utdanning i skriving?

- Nei, eg er sjølvlært.

Har du omsett bøker til norsk?

- Ja, eg har omsett/gjendikta poesi frå spansk av den cubanske nasjonalskalden Jose Martí (Med stjerneskrift, Wigestrand, 2008), frå fransk av Antoine de Saint-Exupéry (Postflyet, Wigestrand, 2017) og Alexandros Papadiamantis frå Hellas, frå engelsk, Drapskvinna, (Svein Sandnes Bokforlag, 2022). Dei to sistnemnde bøkene fekk ikkje noko merksemd i form av meldingar eller omtale, trass i at forfattarane er verdskjende.

Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?

- Ja, kanskje meir av Saint-Exupéry, Papadiamantis og ein irsk forfattar, Flann O’Brien.

Er det andre viktige impulsar du vil nemna?

- Sidan eg har mastergrad i latinamerikansk litteratur seier det seg sjølv at dette har vore ein viktig impuls for meg, t.d. Gabriel García Márquez, Jorge Luis Borges, Julio Cortázar. Filosofi, historie og religion er òg viktige, spesielt orientalske religionar. Helge Torvund har vore ein inspirator for meg i alle år, mykje fordi eg kjenner han personleg.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙