Hva leter du etter?

Jakten på påskeharen del 1

Hei alle saman! Eg er Hannibal Hanegal.

De kjenner nok far min, Hanemann. Han ville så gjerne at de skulle vite at han framleis har det bra. I fjor mista han kammen sin, men fekk han heldigvis tilbake etter ei strabasiøs jakt. No er Hanemann gammal og grå, og han kjem seg ikkje lenger så langt av garde. Han venter på plass på sjukeheimen, men enn så lenge bur han heime i Hønsehuset vårt på Rygjabø.

Det er i Hønsehuset på Rygjabø denne historia startar. Det var ein tidleg morgon i mars at eg vakna av eit heilt forferdeleg spetakkel som kom frå utsida av huset. Det var da rart, tenkte eg då eg høyrde dette, for det er jo berre eg som skal lage spetakkel om morgonen. Det er difor eg har fått tilnamnet Hanegal, for presis klokka seks kvar morgon skal eg hanegale så høgt at heile Judaberg vaknar til liv. Men klokka var enno berre fem, så eg sprang ut for å finne han som bråka for tidleg om morgonen. Ute var det mørkt, men ikkje mørkare enn at eg klarte å sjå ein rosa stjert forsvinne ut av syne og inn i ein busk.

Eg gjekk inn att for å få hjelp til å finne ut av dette mysteriet. Alle sov framleis tungt. Eg ruska far i nebbet for å få han til å vakne. Han hosta og harka og grynta før han opna augo og såg på meg. «Fader Jakob, har eg sove for lenge?» sa han med trøytt stemme og reiste seg opp av senga. «Har morgonhanegalet ditt slutta å virke?»

«Nei», sa eg, «det er enno for tidleg for morgonhanegalet mitt, men eg vakna av at det bråka på utsida, og no vil eg finne ut kven som eig den rosa stjerten som forårsaka bråket».

«Eg er klar på ein augneblink», sa far, medan han strakte seg etter kamferdropsa som låg på nattbordet. «Eg skal berre ta morgonstellet først».

Nokre minuttar etter stod han og eg på utsida av hønsehuset og speida etter spor av rosa. Ingenting rosa var å sjå, men ved sida av busken der det rosa hadde hoppa inn, låg ei avis. Det var siste utgåva av Øyposten. Eg tok ho opp og bretta ho ut. «Siste nytt: Påskeharen observert på Judaberg» stod det på framsida.

«Det kan nok vere eit spor», sa far. «Me får ta turen ned til Øyposten når Oddbjørg kjem på jobb».

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙