Hva leter du etter?

3 Regionskontoret

Me traska i veg mot regionskontoret til Grieg Seafood.

Det var ikkje så langt, men far er gammal, så Oddbjørg måtte ta han på skuldra for at ikkje han skulle bli for sliten.

«Ri ri på islandshest» gaula far der han satt på sin høge hest.

«Eg er ikkje ein hest», sa Oddbjørg.

«Jo, når eg leiker, så» sa far.

Det var spennande å sjå kor langt bygginga av sjukeheimen var komen.

«Tenk det», sa eg til far. «at snart skal du flytte inn her».

Ved Grieg-bygget var det stor aktivitet. Mange mennesker stod utandørs og veiva med armene sine og såg både sure og sinte ut. Oddbjørg sprang bort til folkemengda og spurte ei dame om kva som føregjekk. Samstundes drog ho fram mobiltelefonen og knipsa nokre bilete, før ho fann fram penn og papir for å dokumentere dramatikken.

«Ein rosa bamse med lange øyrer har brote seg inn her i morgontimane og brukt datamaskinane våre til å gå på netthandel. Han har lagt inn ordre på snop til hundre tusen kroner» fortalde dama som Oddbjørg snakka med. «No har politiet stengt av bygget for å sikre seg spor».

«Ein rosa bamse med lange øyrer?» Eg såg på far. «Det må være påskeharen».

Far spurde om dama om politiet hadde arrestert den rosa bamsen.

«Nei», sa ho oppgitt. «Politiet bruker så lang tid på å køyre frå byen at bamsen hadde forsvunne lenge før dei kom». Me høyrde at ho mumla noko om nærpolitireforma, og at ho aldri finn ein politikonstabel når ho treng ein.

«Såg du kor han gjekk?» spurte Oddbjørg.

«Som eg forsøkte å seie til politiet» svarte ho, «han gjekk den vegen før han forsvann». Ho peika mot innbyggjartorget.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙