Hva leter du etter?

Fire Rita

«God morgon alle saman, god morgon far og mor og kanskje du er storebror?» kvitra Rita då me kom hastande inn på innbyggartorget.

«Kva kan eg hjelpe dykk med i dag? Treng de kanskje eit møterom? Ein arbeidsplass? Ein koronatest?»

«Nei», svarar eg.

«Nei», svarar far.

«Nei», svarar Oddbjørg.

«Kafeen er ikkje open enno, men han opnar seinare i dag».

«Det hadde vært godt med litt mat» sa far. «Bygdakokken sin hamburgar er framifrå kokkekunst, ein absolutt favoritt hjå meg».

«Men far, me skulle jo finne påskeharen?»

«Ja visst, ja. Det skulle me».

Eg spurte Rita om ho hadde sett ein rosa hare i det siste.

«Ja visst har eg det», sa ho. «Faktisk nett no».

Påskeharen hadde nett vore på innbyggartorget.

«Eg er opptatt av å yte god service til alle som kjem innom», sa Rita, «sa han fekk ein kopp kaffi og så drøsa me litt». Han sa at han berre trong ein stad å kvile beina sine litt. Etterpå skulle han hente ein pakke som hadde kome med Postnord».

Eg titta ut vindauga for å sjå om eg såg han på veg mot Byggmix. Ein mann kom traskande over parkeringsplassen på utsida.

«Du får ein ny gjest» sa Oddbjørg til Rita.

«Så stas», sa Rita. «Viss de ikkje treng meg til noko meir, vil eg gjerne ta meg av den nye gjesten».

Me takka for hjelpa og gjekk ut for å leite vidare etter påskeharen.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙