Hva leter du etter?

VI Tove

Tove stod bak disken.

«Har du sett påskeharen?» sa eg då me kom inn.

«Om eg har?» sa ho. «Eg har han her! I alle fall deler av han».

Ho viste oss ein haug med rosa ull som låg på golvet bak disken. «Eg fekk lov til å greie av han all underulla, og så skal eg spinne ho til Påskeharegarn. Det kjem til å selje så godt». Ho såg nøgd på oss. «Vil de kjøpe Påskeharegarn? Eller kanskje ei gongkake? Strikkepinner?

«Nei, ikkje i dag» sa Oddbjørg. «Me er ute i eit viktig ærend.»

«Ingenting er viktigare enn garn og gongkaker» sa Tove. «Forresten sa Påskeharen at han skulle til biblioteket for å finne litt god påskekrim som han skulle kose seg med når alle eggene var lagt ut».

Me gjekk ut av Kaihuset. På parkeringsplassen var det fullt av bilar og ein buss med turistar køyrde forbi. Hjulene på bussen gjekk rundt og rundt. Ein bil tuta, og Oddbjørg vinka til sjåføren.

Sjåføren rulla ned vindauga og spurte om me ville sitte på. Det var Merete!

«Skal du til biblioteket?» spurde eg. Ho nikka.

Me satt oss inn i bilen hennar, Oddbjørg framme og far og eg bak. Så køyrde me.

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙