Hva leter du etter?

II Oddbjørg

Far og eg la i veg presis klokken åtte.

Det var ein sånn flott vårmorgon på Judaberg. I aust var sola på veg opp, og ho bada bygda i lys. Blomster små, gule blå titta opp frå mark og grøftekantar, og sjølv borna som var på veg til skulen skein litt ekstra i dette flotte landskapet. Oddbjørg var også i godt humør.

«Så de leiter etter Påskeharen», sa ho då me sat på kontoret hennar og fortalde kvifor vi hadde kome.

«Ja, han bråka så forferdeleg at han vekka meg for tidleg, så no vil eg sei han eit sanningsord, den pøbelen» sa eg og prøvde å sjå tøff ut.

«Neimen Hanegal då», sa Oddbjørg og såg sjokkert ut. «Påskeharen er jo berre snill. Trur du ikkje at han var oppe hos dykk for å leite etter gode plasser å gøyme påskeegga dykkar?»

«Me treng ikkje påskeegg, mor legg gullegg. Eit i året», sa eg stolt.

«Påskeegg er like bra som gullegg». Ho fortalde om dei fantastiske egga som var fylte av sjokolade og snop, og som menneskeborna elska og som tannlegane hata. «Eg kan hjelpe deg å leite etter påskeharen, men då må du love å ikkje vere sint på han».

Eg lova.

«Eg har tenkt på ein ting» sa far plutseleg. «Han der påskeharen deler ut snop. Han er kanskje ein som er opptatt av å gjere alle til laks? Kanskje me finn han ved Grieg Seafood? Der finnes i alle fall laks»

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙