Kjartan Fløgstad: "Den satiriske Kielland overlevde til og med møtet gjennom tilrettelagde skuleutgåver."
Når landet feirar Alexander Kiellands 175-årsjubileum i 2024, er det naturleg å sjå på arven etter han og andre forfattarar frå fylket.
Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, og har skrive bøker i fleire sjangrar.
I 2023 intervjua han ei rekkje forfattarar frå Rogaland, om korleis dei ser på sin eigen forfattarskap.
Kva var viktige lesingar og impulsar tidleg i livet ditt, før du gav ut di første bok?
- Tidleg veg inn i litteraturen, via bøker som Skirbekks Nihilisme?, essaybøkene til Sigurd Hoel og Helge Krog, folkebiblioteket med fine utgåver av Dostojevskij i hyllene, gjendikta av Olaf Broch og Magda Koch Thomassen, om eg minnest rett.
Har dei rogalandske klassikarane, til dømes Arne Garborg, Alexander Kielland og Sigbjørn Obstfelder, hatt noko å seia for deg?
- Den satiriske KIelland overlevde til og med møtet gjennom tilrettelagde skuleutgåver, verselinjer av Garborg var nesten ein del av daglegtalen, og Obstfelder, kompromisslaus poet, frå Hjelmeland: då er det håp for alle!
Er det forfattarar eller stilar du ikkje hadde lyst likna på?
- Alt det der med odel og Per Bufast-problematikk var og er langt frå meg.
Kva slags rolle spela oppvekstmiljøet og staden du kom frå?
- Avgjerande. Å stempla inn på fabrikken til EFPCoLtd ein junidag i 1960 er utgangspunktet for heile forfattarskapen. Men eg måtte til Latin-Amerika for å læra å skriva om det.
Kven var viktige i tida då du debuterte?
- Ikkje prosa, ikkje norsk for meg, men høgmodernistisk lyrikk, med røter tilbake til barokken og surrealismen.
Var du del av eit miljø som delte skriveerfaringar og leseopplevingar?
- Nei.
Tok du noko form for utdanning i skriving?
- Nei. Cand. mag., historie, litteraturvitskap, spansk var dekkoperasjonar for sjølvstendige litterære syslar.
Har du omsett bøker til norsk?
- Ja, mest frå spansk og mest lyrikk (Neruda), men også eit par romanar og mange korttekstar (Borges, Cortázar), og andre favorittar, litt engelsk, Tony Harrison, tysk, von Hofmannsthal, fransk, Lautréamont.
Er det nokon du gjerne skulle ha omsett?
- Då eg kom til Spania første gongen, sa eg at eg ville læra spansk for å setja om barokkpoeten Luís de Góngora. Det har det knapt blitt noko av, kanskje eg skulle gjera ein ny freistnad?
Er det andre viktige impulsar du vil nemna?
- Sauda kommunale kino: Amerikanske westernfilmar på tysdagar, på torsdagane franske krimfilmar.