Stein Versto
Stein Versto er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann, utdanna ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø.
Han debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman og ei prosabok om folkemusikk og utvandring, skrive essay og ei rekke songtekstar tonesette av norske artistar, blant dei særleg Odd Nordstoga.