Hva leter du etter?
Bilde av Anna Klungre

Plateprat med Anna Klungre

Musikkbibliotekar Olav Nilsen slår av en prat med musiker Anna Klungre.

Hei Anna! Gratulerer med en veldig fin plate.

Om noen treffer deg i baren etter en konsert og ønsker å spanderer, hva drikker du?
Ein god surøl på tapp.

Om du ønsker å få folk ut på dansegulvet, hvilken låt spiller du?
«Don’t Kiss Girls on Bikes» av Natalie Williams!

Beskriv deg selv med minst 5 ord.

Kreativ, sta, open, nysgjerrig og litt forfengelig.

Hva blir tittelen på din selvbiografi?
Bygdejenta som flytta til byen.

Her på Biblå ønsker vi å løfte frem bra musikk og inspirere til nye lytteopplevelser. 3 favorittalbum?
Kva eg likar å høyre på endrar seg heile tida, men disse tre platene blir eg aldri lei av, og eg kjem tilbake til dei igjen og igjen. «slutte og byne» - Valkyrien Allstars,«Ta Meg Med Deg Når Du Drar» - Papirfly,«Sommerlandet» - Skruk

3 favorittlåter?
Eg kjem sikkert til å ombestemme meg med ein gong, men off the top of my head vil eg seie «Time to rest your weary head» av Jacob Collier, ei av dei få rolige låtene hans med ein heilt nydeleg tekst! I tillegg trur eg «snakkes» er den beste låta Valkyrien Allstars har laga, og den tredje må bli «In this lighting» av Vellichor.

Hva har du hørt på de siste dagene?
Den nye plata til Tøfl har gått på repeat den siste veka, og plata «Thought You Knew» av Snowpoet. Har også hatt skikkelig dilla på Voces8 i det siste, eg elskar jo kormusikk og dei syng berre så tullete bra.

Undervurdert plate?
Eg trekker fram Vellichor igjen her, eit utruleg fint indie-pop band som ikkje har gitt ut noko anna enn ein EP i 2018; «Final hours» som har eit utruleg fint sound.

Det tøffeste platecoveret?
«Velkommen håp» av Flukten.

Samler du på plater? Hvorfor?
Eg har så smått begynt å samle sjølv, men er veldig takknemlig for å ha arva platesamlingane til foreldra mine og mormor, der det er ei fin blanding av kor- pop- klassisk- og jazzmusikk. Dei platene eg har kjøpt sjølv er for det meste kjentfolk sine, men eg har lyst å utvide min «eigen» samling og, fordi eg syns det er veldig kjekt å ha noko fysisk å halde i og lese på når eg skal lytte til musikk, og det blir litt meir høgtideleg enn å sette på noko frå telefonen.

Favoritt blant fysiske platebutikker?
Merch-bordet på konsert.

Om du måtte velge: Beatles vs. Rolling Stones
Beatles

Herborg Kråkevik vs. Ane Brun
Ane Brun

Valkyrien Allstars vs. Sudan Dudan
Valkyrien Allstars, lett

Pretenders vs. Blondie
Blondie

Karin Krog vs. Radka Toneff
Karin Krog, ho har laga nokon heilt sjukt råe ting

Penger vs. Berømmelse
Berømmelse

Vinyl, CD, Kassett eller Strømming når du spiller musikk hjemme? Om du skulle angi en omtrentlig %-fordeling.
Det går jo for det meste i strømming, i alle fall for casual/sosial lytting, så det går kanskje 90% strømming og 10% LP.

Hva spiller du musikk på hjemme?
Eg bur i eit kollektiv med musikarar, så vi har mange høgtalarar. På stova står anlegget til Jonah som han har arva av ein kompis, og på kjøkkenet har vi ein heilt ok bluetooth-høgtalar. Eg går av og til rundt med ein liten JBL clip i beltehempa om eg vil ha med meg musikken frå rom til rom, og på badet står det av og til ein annan liten høgtalar. Og ja, vi har testa å høyre på musikk i alle rom samtidig, det går nesten.

Om du skulle lagd en mixtape/spotifyliste til kjæresten for å hylle kjærligheten, hvilke 3 låter må være med?
Off, eg syns sånt er skikkelig kleint, men det fins jo utruleg mange fine kjærleikslåter. Kanskje «Endless love» av Louien, «You’re getting to be a habit with me” av Cécile McLorin Salvant og “Body and soul”?

Hvilke 3 plater har påvirket/inspirert deg mest de siste 3 årene?
Eg syns Michael Mayo er ein heilt utruleg inspirerande vokalist, han har så sjukt kontroll og skriver veldig kul musikk. Debutplata hans «Bones» har vore veldig inspirerande, og apropos inspirerande vokalistar må eg nemne Cecile McLorin Salvant, og eg klarer ikkje å velje mellom albuma hennar, men ho kom ut med eit nytt i år som heiter «Ghost song» som har ei salig blanding av cover og eigen musikk, i heilt crazy bra arrangement. Og så kjem eg ikkje unna Valkyrien igjen, så eg setter «slutte og byne» her også.

Noen ord om en fet spilleliste du vil dele?
Eg høyrer egentlig ikkje noko særlig på spelelister, men syns det er kjekt å lage med venner, t.d. denne som har meir enn nok låter til å køyre frå Sunnmøre til Kongsberg:

Noen musikkbøker du vil anbefale?
Ei musikkfagbok som eg syns er kul er «Improvise for real», til tross for den kleine tittelen er det ei veldig god bok om gehørtrening og improvisasjon. Improvise for Real: The Complete Method for All Instrumentsav David Reed

Improvise for real av David Reed forside

En roman som gjorde inntrykk på deg?
Eg leser ikkje så mykje, men i sommar har eg lest ein del av Tore Renberg, begynte med Kompani Orheim då det var «Heile Rogaland leser»-boka, og så har eg fortsatt på serien.

Kompani Orheim av Tore Renberg forside

Favorittsitat?
Mormor brukte alltid å seie «Det er heilt moderne», ofte til ting som ikkje var så moderne, det likar eg veldig godt.

Musiker/DJ som du har stor respekt for?
Hedvig Mollestad, eg møtte ho ein gong under studietida mi og ho har så utruleg kul tilnærming til både musikken og livet, og så lagar ho dritrå musikk i tillegg.

Minneverdig musikkøyeblikk?
Å ha konsert med Stavanger Studentsangforening i Fartein Valen! Veldig tilfredsstillande både å lytte og synge der.

Beste konsertopplevelse?
Ola Kvernberg og Joshua Redman på Spor 5, den einaste konserten eg har vore på som varte lenger i ein time der eg ikkje mista konsentrasjonen.

Favorittfestival?
Kongsbergjazz, av dei eg har vore på så langt i alle fall.

Drømmejobb nå og da du var 13?
Draumejobben no, og då, er å vere utøvande musikar på fulltid, men då eg var 13 var nok draumen å bli meir som Taylor Swift enn den eg er no.

Har du noen hobbyer eller interesser utenom musikk?
Eg er veldig glad i å strikke og sy, både for å fikse gamle ting men også lage nye.

Hvordan tror du dine venner oppfatter din musikksmak?
Variert, og vokal-tung.

Hvor gammel var du når du «oppdaget» musikken og hva gjorde at du ble hekta?
Det kan eg ikkje hugse, eg har alltid vore glad i sang og musikk, vi song mykje heime då eg var lita. Men det var først på ungdomsskulen at eg blei verkeleg interessert i musikk, eg trur ikkje det var noko spesielt som gjorde at eg blei hekta sånn generelt, men mykje av kulturen rundt meg då gjorde meg interessert i mykje forskjellig av musikk. Eg fekk også ta over rommet til storebroren min som hadde anlegg, og det var på den tida det blei populært med iPod, så då blei det mykje meir tilgjengeleg for meg å høyre på musikk åleine.

Hva slags musikk hørte du på i ungdomstiden?
Masse rock, og alt eg kunne komme over som ikkje var «mainstream». Nokon band/artistar eg hugsar godt er Kimbra, Three Days Grace, Gotye og Muse, som eg no innser ikkje er så alternativt som eg syns då.

Hvilken type musikk likte dine foreldre?
Etter platesamlinga å dømme var det mykje forskjellig, mamma er veldig glad i å sette på noko rolig jazzmusikk, typ Tord Gustavsen eller Bugge Wesseltoft, og av og til slår ho til med litt Andrea Bocelli. Og eg veit begge to er veldig fan av Sting.

Har musikksmaken din endret seg?
Mykje og heile tida, eg syns det er veldig kjekt å sjekke ut nye ting og har faser der eg syns ting er kult eller ikkje. Jo eldre eg blir jo meir kresen blir eg, samtidig som eg har lagt frå meg nokon fordommar eg hadde før om kva som er bra og dårlig musikk.

Et musikalsk tiår som du ville reise til om du hadde en tidsmaskin?
60-talet! Det skjedde så sjukt mykje kult både i jazzen og pop/rock-musikken då.

Er du nostalgisk?
Ja, veldig. Eg har heldigvis vokst opp med ein pappa som har tatt mange bilete, så det er lett å mimre.

Er det noe du har lyst til å lære deg?
Å spele bass!

Er du en maximalist eller minimalist?
Minimalist.

Hva begeistrer deg?
Folk som er begeistra og engasjert i det dei held på med. Det har ikkje noko å seie kva dei er engasjert i, men eg elskar å møte folk som har masse driv og diggar det dei held på med.

Hva er du redd for?
At alle vennane mine skal flytte frå Stavanger.

Noe som du irriterer deg over?
Folk som blir fornærma når du ikkje diggar Lord of the rings eller ein eller anna sjukt kjent musikar, det er heilt lov å ikkje like alt sjølv om ein kan anerkjenne at det har vore legendarisk.

Hvilket forhold har du til musikkjournalistikk? Hvor oppdaterer du deg på musikk? Leser du musikktidsskrifter, hvilke? Papir eller skjerm? Nettsteder om musikk som du besøker ofte?
Eg leser lite om musikk generelt, men eg leser litt her og der, på bl.a. Jazznytt og Kontekst.

Har du noen personer som har viktig for din musikksmak?
Mange! Men eg vil gjerne trekke fram dei som vekka interressen for jazzmusikk, bror min Øyvind og songlæraren min på vidaregåande, Hildur. Øyvind brukte å gi meg CD-ar i gåve då eg var lita, og eg hugsar godt første gongen eg høyrte på Kirsti Huke CD-en eg fekk av han. Hildur introduserte meg for improvisasjon, og då vart eg hekta.

En mentor som du har lært noe spesielt av?
Anita Kaasbøll
. Ho var songlæraren min då eg gjekk på jazzlinja, og ho lærte meg naturlegvis veldig mykje, men det viktigaste var kanskje kor viktige øyrene våre er når vi spelar/lagar musikk og ho opna augene mine for andre måtar å tenke på sang, at det kan vere så mykje meir enn «berre» melodi.

Hvor viktig er det tekniske utstyret for deg når du lager og spiller musikk?
Lite viktig, eg er ganske gjerrig av meg så eg brukar det eg har og likar best det som er intuitivt og tilgjengeleg.

Hva er de viktigste inspirasjonskildene når du lager musikk?
Ting som foregår rundt meg, det er alt frå morsomme ordspel eller ting vener seier til ting som eg går og gnurar på inne i hovudet mitt.

Favorittinstrument?
Stemma!

Akustisk eller elektrisk?
Akustisk.

Falskt eller Auto-Tune?
Falskt.

Favorittprodusent?
Susanne Sundfør.

Favorittstudio?
Flerbruket.

Favorittplateselskap?
Situ!rec
, eg gav ut EP-en min hjå dei tidlegare i år, og det er skikkelig kule folk som driver og dei gir ut masse bra greier av unge, nyetablerte musikarar.

Er det en musiker eller band i Stavanger som har fått altfor lite oppmerksomhet?
Emilie Eie! Ho får jo ein del merksemd, men syns ho fortener mykje meir. Ho lagar så fin musikk, og er dødskul.

En eller annen i Stavanger som du vil sender stafett pinnen videre til, sammen med en låt denne personen burde høre?
Eg syns det hadde vore kult å lese kva Fredrik Sele hadde svart på desse spørsmåla, og syns han burde høyre den danselåta eg nevnte tidlegare: «Don’t kiss girls on bikes».

Alle sangene:

Beklager, nå stoppet det litt opp her på nettsiden. Last inn siden på nytt, er du grei 🗙